Helsesekretær/administrativ medarbeidar (40%) – eittårig engasjement med moglegheit for utviding

Arbetsbeskrivning

Vil du bidra til at pasientar med sjeldne diagnosar får best mogleg oppfølging?

Vi søkjer ein nøyaktig helsesekretær til å bidra i ulike administrative oppgåver ved Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdommar (Napos). Vi har spesialkompetanse innan diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med desse sjeldne, arvelege sjukdommane.

Eininga har som mål at personar med porfyrisjukdommar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgjetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet.

Vi rettleiar helsepersonell over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa, i tillegg til å utarbeide og publisere behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdomane. Vi driv undervisning og har eit breitt spekter av andre læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får gjennom det nasjonale medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk.

Vi består av om lag 12 årsverk og er tverrfagleg samansett, mellom anna med lege, farmasøyt, genetisk rettleiar, sjukepleiar og bioingeniør. Vi høyrer til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus. For meir informasjon om oss; sjå  Napos.no


Arbeidsoppgåver

  • Utføre administrative oppgåver knytt til  Norsk porfyriregister, mellom anna innsamling og registrering av data, samt administrasjon av brevutsendingar
  • Bidra administrativt ved planlegging og gjennomføring av kurs, møte og reiser
  • Utsending av informasjonsmateriell/brev til pasientar og legar
  • Handtere munnlege og skriftlege førespurnadar
  • Andre administrative oppgåver kan bli tillagd ved behov
  • Oppgåver som kan bli tillagd avhengig av kvalifikasjonar:
    • Innkjøp- og fakturaoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Helsesekretær eller annan relevant helsefagleg utdanning
  • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • Evne til å uttrykkje seg klart skriftleg og munnleg på norsk
  • God datakompetanse - må kunne bruke/raskt setje seg inn i relevante dataverktøy
  • Godt kjend med M365
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • God evne til samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Dagstilling
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksible arbeidsforhold

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Åshild Rostad Enes, Seksjonsleiar, 99 45 69 49, [email protected]
Marte Høvik Hammersland, Spesialbioingeniør, 55 97 32 96, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5151849525
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 16.08.2026