Vil du vere med å vidareutvikle helsetilbodet i Sandeid fengsel?
Helseavdelinga i Sandeid fengsel søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar/vernepeiar. Me ser etter deg som vil vere med å vidareutvikle eit viktig helsetilbod.
Fast 80 % stilling på dagtid.
Sandeid fengsel er kategorisert som eit opent fengsel med lav sikkerheit, og har ein kapasitet på 88 innsette. Sandeid fengsel har eit variert tilbod kva gjeld aktivitetar/arbeid på dagtid, enten dette dreier seg om opplæring/skule eller praktisk arbeid.
Kva får du jobba med hos oss?
- Individuelle samtalar og medisinoppfølging.
- Oppfølging, koordinering, rettleiing,- og undervisning.
- Samarbeid med tilsynslege, spesialisthelsetenesta, skule og kriminalomsorga.
- Labratoriearbeid.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Rekrutteringstillegg: Kr. 10.000 i rekrutteringstillegg for sjukepleiarar, vernepleiarar innafor helse og omsorg.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid oppfordrast til å søka.
- Erfaring frå psykisk helse -/rusfeltet er ein fordel.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Engasjert, løysingsorientert og relasjonsbyggjande.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Strukturert og god på å prioritere i ein hektisk kvardag.
- Robust, trygg og open, med høg arbeidskapasitet.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk her