Kjære alle dyktige helsefagarbeidarar!
Me har ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar i eitt år ved demensavdelinga på Sivdamheimen 1. etasje. Stillinga er ei rein nattevaktstilling med arbeid anna kvar/kvar tredje helg. Me ser etter deg som ønskjer å vere med i medarbeidargruppa vår og bidra til tryggleik, glede og omsorg for personar med demens. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der pasientane våre står i sentrum, og der me arbeider saman for å skape gode dagar og netter. Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du ha moglegheit til å vere med og påverke din eigen turnus.
Sivdamheimen ligg sentralt til, med kort avstand til både Bryne sentrum og buss- og togstasjon. Avdelinga er organisert i tre fløyar med sju pasientar på kvar fløy.
Me har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. Saman arbeider me målretta for å gje pasientane ein trygg og tilrettelagd kvardag, med fokus på meistring, trivsel og best mogleg livskvalitet.
Hos oss får du arbeide i eit tverrfagleg miljø der fagutvikling, kvalitet, brukarmedverknad og nytenking står sentralt. Samstundes legg me vekt på eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, engasjement og godt humør er ein naturleg del av kvardagen. Institusjonstenestene i Time kommune har eigen fagutviklar med særleg fokus på kompetanse-utvikling, pasientsikkerheit og kvalitet. Me har òg eit tett og godt samarbeid med kommunen sin demenskoordinator.
Ønskelig med oppstart 1.september
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver
- tverrfagleg samarbeid og rettleiing
- miljøarbeid med fokus på å skapa gode dagar for pasientane
- prioritera og delegera oppgåver etter behov
- bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid
- dokumentasjon i Profil i tråd med gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som helsefagarbeidar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B2)
- erfaring frå arbeid med personar med demens er ein fordel
- gode datakunnskapar. Dokumentasjon er ein viktig del av arbeidet, og me nyttar Profil som journalsystem
- det krevst gode norskkunnskapar og både skriftleg og munnleg framstillingsevne bil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- har gode kommunikasjonsferdigheiter
- tar initiativ og kan jobbe i team
- er engasjert i faget og interessert i ny lærdom
- er ansvarsbevisst og fleksibel
- har evne til godt samarbeid på tvers av faggrupper
- du må like å arbeida både sjølvstendig og i team
- gode samarbeidsevner, både internt og eksernt og bidra positivt i arbeidsmiljøet
- evne til å arbeida sjølvstendig og ta inititativ til oppåver som må gjennomførast.
- villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen utviklar seg
- du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
- evne til å ta ansvar for eiga utvikling og tileigna seg ny kunnskap
- du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- me legg vekt på personlege eigenskapar og korleis du passar til arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar (KLP)
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Mari Elise Almås, Avdelingsleiar, 93268156,
[email protected]
Arbeidsstad
Røyrvika 12
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5156523625
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 16.08.2026