Ledig vikariat som aktivitetsleiar ved UWC Connect

Arbetsbeskrivning

Vi har ledig ei mellombels stilling som aktivitetleiar/leirskuleinstruktør fra 17.08.2026 - 31.10.2026 med moglegheit for forlenging.

Hva vi ser etter

Personlege og faglege kvalifikasjonar for stillinga:

  • Profesjonell og personleg integritet

  • Gode samarbeidsevner og god på å sjå muligheiter

  • Liker å jobbe med menneske

  • Ei forståing for, og stønad til, UWC sine mål og ambisjonar

  • Proaktiv og sjølvstendig i arbeidet

  • Pedagogisk utdanning med hovudvekt på friluftsliv og/eller kroppsøving

  • Godkjent instruktør/rettleiar i ein, helst fleire av følgjande: klatring(NF instruktør 1 eller tilsvarande); kajakk (NPF aktivitetsleiar Hav eller tilsvarande); kano (teknikkurs kano, flattvann eller tilsvarande).

  • Båtførarprøve.

  • Førarkort klasse B

  • Evne til å kommunisere tydeleg både munnleg og skriftleg på engelsk og norsk

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Medansvar, organisering og drift av leirskulen, sommarprogrammet og aktivitetstilbod for andre grupper

  • Ansvar for å trene opp UWC studentar til deltaking i UWC Leirskule

  • Planlegge for eit variert og godt fysisk aktivitetsprogram for alle studentane ved UWC RCN: blant anna vekentlege aktivitetar, prosjektveke, friluftslivsveka, outdoor leadership program

  • Medansvar for helse, miljø og tryggleik, rutinar og prosedyrar for aktivitetstilbod ved UWC Connect

  • Medansvar for UWC Connect sitt utstyr og anlegg, samt vedlikehald, sikkerheitssjekk og utskifting

  • Assistere dagleg leiar med marknadsføring- og sal og kundekontakt mot dei ulike kundesegmenta

  • Vere vertsskap i gjennomføring av ulike samlingar for besøkjande.

  • Kooridinering og samarbeid mellom UWC Connect og partnarar


Andre oppgåver kan tilkomme eller oppgåver kan endrast etter behov og ordretilgang.

Vi tilbyr

  • Ingen like dagar

  • Ein givande jobb

  • Lønn etter KS-Tariff

  • Intern opplæring av aktivitetar( kano, SUP, bogeskyting, bakehus og livredningsprøve)

Ein må legge fram Politiattest som ikkje er eldre enn tre månader før ein kan ta til i stillinga.