Ledig vikariat for sjukehusprest, sjukehusdiakon eller tru- og livssynssamtalepartnar – inntil 100 % stilling ved sjukehusa i Volda og Ålesund!
Helse Møre og Romsdal HF har ledig eit vikariat i inntil 100 % stilling som sjukehusprest, sjukehusdiakon eller tru- og livssynssamtalepartnar. Vi ønskjer søkjarar med relevant utdanning og kompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle samtalar. Vi oppmodar kandidatar frå prestetenesta, diakonien og andre tru- og livssynstradisjonar til å søkje.
Den utlyste stillinga omfattar arbeid ved sjukehusa i Volda og Ålesund, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området. Stillinga kan fordelast mellom éin eller fleire medarbeidarar. Vi oppmodar difor også søkjarar som ønskjer å arbeide ved berre éin av arbeidsstadene, eller som ikkje har høve til å fylle heile stillinga, om å sende inn søknad. Preste- og samtaletenesta er ei livssynsope teneste som tilbyr støtte og samtalar til pasientar og pårørande, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Vi ønskjer derfor eit mangfald av søkjarar med kompetanse og erfaring frå ulike tru- og livssynstradisjonar.
Tenesta består i dag av fire prestar som til saman utgjer 3,2 årsverk. Den som blir tilsett, vil ha delt arbeidsstad mellom Volda sjukehus, Ålesund sjukehus og tilknytte tenester innan psykisk helsevern og rus. Den endelege fordelinga av arbeidstid mellom institusjonane blir planlagt i dialog med den eller dei som blir tilsette.
Som del av fagmiljøet vil du delta i digital kollegarettleiing kvar veke. Vi gjennomfører også faste fagdagar med minst to faglege samlingar kvart semester. Preste- og samtaletenesta arbeider aktivt for å styrkje den faglege kompetansen til medarbeidarane, og legg til rette for vidareutdanning, kurs og spesialistkompetanse innan klinisk presteteneste eller tilsvarande fagområde.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre støttande og eksistensielle samtalar med pasientar og pårørande i tett samarbeid med behandlarar og pleiepersonell
- Planleggje, gjennomføre og vidareutvikle ritual og seremonielle handlingar tilpassa pasientar, pårørande og situasjonar
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitetssikring av Preste- og samtaletenesta sitt tilbod ved sjukehusa
- Delta i undervisning og opplæring for pasientar og pårørande i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret
- Medverke i psykososial beredskap ved kriser, alvorlege hendingar og ulykker
- Gi undervisning, rettleiing og fagleg støtte til tilsette, samt delta aktivt i tverrfaglege team
- Delta i tenesta si beredskapsordning for tilkalling utanom ordinær arbeidstid
Kvalifikasjonar
- Teologisk embetseksamen, mastergrad i diakoni eller anna relevant utdanning på masternivå innan tru-, livssyns- eller eksistensielt samtalearbeid
- Vigsling, autorisasjon eller tilsvarande godkjenning frå eige trus- eller livssynssamfunn der dette er aktuelt
- Brei og solid kompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle spørsmål
- Erfaring frå arbeid med sorg, kriser og menneske i krevjande livssituasjonar
- Spesialistkompetanse innan klinisk presteteneste eller tilsvarande er ein fordel. For søkjarar utan slik kompetanse er det ønskjeleg med motivasjon og vilje til å vidareutvikle seg fagleg på dette området
- Rettleiingskompetanse er særleg verdsett, og søkjarar med erfaring frå rettleiing blir oppmoda til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å arbeide sjølvstendig, tek ansvar og viser initiativ i møte med ulike arbeidsoppgåver
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer på tvers av fagmiljø
- Du har evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
- Du møter menneske med respekt, openheit og omtanke, uavhengig av bakgrunn, religion, tru eller livssyn
- Du er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit i samtalar om livet sine store og små utfordringar
- Du bidreg til eit inkluderande og livssynsope miljø der mangfald blir verdsett og ivaretatt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter avtale
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Håvard Ervik, Prest SNR/tillitsvalgt HMR,
[email protected]
Odd Erling Vik Nordbrønd, Prest Ålesund/Volda, odd.erling.vik.nordbrø
[email protected]
Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar,
[email protected]
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5156052520
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 30.07.2026