Voss herad har ein ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut, knytt til fysioterapiavdelinga og Friskliv og meistring. Stillinga er organisert under ergo- og fysioterapiavdelinga, i avdeling for førebygging og rehabilitering. Arbeidet vil i hovudsak vera knytt til drift av eit interkommunalt Frisklivs- og meistringstilbod (FoM) for kommunane Voss, Eidfjord, Ulvik og Vaksdal og som fysioterapeut i Voss herad.
FoM er eit lågterskel, helsefremmande og førebyggande tilbod i helse- og omsorgstenesta. Tenesta gir støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar gjennom individuell veiledning og gruppebaserte tilbod. Me ynskjer å styrke deltakaranes helsekompetanse med vekt på levevanar og meistring. Tilbodet fylgjer Helsedirektoratet sine anbefalingar for kommunale Frislivssentralar. Du vil også jobbe som fysioterapeut med ulike arbeidsoppgåve og etter behov i avdelinga. Du vil jobbe inne på avdeling og heime hjå brukar.
Arbeidsoppgåve
Som fysioterapeut i Voss herad arbeider du i samråd med det tenestetilbodet avdelinga tilbyr og ut frå gjeldande prioriteringar og prioriteringsnøkkel. Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.
- Utføre arbeid i eit aktivt og velfungerande interkommunalt frisklivs- og meistringstilbod etter dei føringar det interkommunale frisklivsteamet, frisklivskoordinator og leiar legg.
- Undervise og halde kurs ved frisklivstenesta, i hovudsak standardiserte kurs utvikla av Helsedirektoratet og Rådet for psykisk helse
- Motivera deltakar til å endre levevanar, og meistre å leve med helseutfordingar.
- Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning.
- Bidra aktivt i endringsprosessar og medverka til utvikling av tenesta.
- Tilrettelegging og motivering for fysisk aktivitet individuelt og i gruppe
- Fylgje opp pasientar i brukars eigen heim
- Vera fysioterapeut for inneliggjande pasientar på korttidsavdelinga og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje pasient eit best mogleg rehabiliteringsopphald
- Arbeide kunnskapsbasert.
- Halde deg oppdatert på dei endringar og føringar som vert lagt nasjonalt for drift av eit kommunalt frisklivs- og meistringstilbod.
- Bidra til opplæringa av turnuskandidat/studentar i ergo og fysioterapiavdelinga og andre studentar som hospiterer ved tilbodet
- Jobb med prosjekt og vere prosjektleiar ved behov
- Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre terapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe.
Me ynskjer
Kvalifikasjonar:
- Krav om godkjent fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova
- Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi
- Det er ynskjeleg med erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta, også kunnskap og erfaring kring effektive metodar for endring av levevaner, som til dømes motiverande intervju.
- Ynskje om kunnskap om og kursleiarkompetanse på dei standardiserte kursa KiB, KiD, «Hverdagslede», Bra mat for betre helse, Sov godt og Tobakksfri
- Det er eit ynskje om kunnskap og erfaring kring ernæring, psykisk helse, fysisk aktivitet, helsefremjande og førebyggjande arbeid.
- Ynskje om instruktørkompetanse i MediYoga
- Du må kunne halde foredrag og undervising kring relevante tema knytt til friskliv- og meistring for deltakar, men også opplæring av anna helsepersonell i heradet.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Krav om førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar
- Evner å arbeide sjølvstendig og i team
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
- Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
- Er ansvarsbevisst og strukturert
- At du har god endringsvilje og kunnskap om kommunens struktur og framtidsvisjon
- Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste
- Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr:
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden og presiser kva stilling du søker på.
Link til søknadsskjema:
Søk her