1.dekksoffiser/1.Styrmann på reservefartøy i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord

Arbetsbeskrivning

Fjord1 har ledig stilling som 1.dekksoffiser/1.styrmann i ressursgruppe for samband i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord. 

Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap. Vi har fokus på miljø og teknologi, og tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

Turnusordninga er sjøvaktsordning med 3 veker på og 3 veker fri som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidssted vert dekt. 

Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil være ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving.


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling på si vakt
  • Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
  • Tryggleiksoffiser
  • Navigere sjølvstendig på si vakt
  • Ettersyn av navigasjonsutstyr
  • At navigasjonshjelpemiddel er i samsvar med gjeldande reglar
  • At førstehjelpsutstyr er i samsvar med gjeldande reglar
  • At brann- og redningsutstyr er i orden og vert vedlikehaldt i samsvar med Amos
  • Opplæring av personell
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg, delta om naudsynt
  • Andre oppgåver iht. stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skiftleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein engasjert og ansvarsbevisst 1.dekksoffiser med gode leiareigenskapar og solid navigasjonskompetanse. Du trivast med å ta ansvar for sikkerheit og operasjonar om bord, samarbeider godt i team, og er opptatt av kvalitet og service. Om desse eigenskapane beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad!

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Gode velferdsordningar.

Kontaktinformasjon

Thea Eliassen, Rekrutteringsmedarbeidar, [email protected]

Arbeidsstad

Drag-Kjøpsvik
8590 Kjøpsvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5155229227
Stillingsprosent: 100%
Fast