Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Er du ein innovativ og utviklingsorientert spesialsjukepleiar/sjukepleier med erfaring med barn, som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg!
Vi har nemleg no ledig ei 80% fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale.

Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus. 
Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene.

Det kan vere moglegheit for kombinasjonsstilling ved sengeposten for høgare stillingsprosent.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av barn og ungdom innan fagområda onkologi, gastroenterologi og nevrologi
  • Koordinering og oppfølging av behovsstyrt poliklinikk, inkludert pasientkontakt, vurderingar og oppfølging etter gjeldande rutinar
  • Vere ein sentral samarbeidspartnar for legar innanfor aktuelle fagområder, og bidra til heilskaplege og koordinerte pasientforløp
  • Pasient- og pårørandeopplæring, rettleiing og støtte knytt til sjukdom, behandling og meistring
  • Delta i vidareutvikling av polikliniske tenester, kvalitetsforbetring, digitalisering og oppgåveglidning
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp
  • Utføre andre relevante oppgåver i seksjonen etter behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning 
  • Erfaring og kjennskap til pasientgruppene innan barnemedisin
  • Ønskeleg med erfaring frå forbedringsarbeid
  • Vi forutsett at søkar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit hos barn, ungdom og pårørande
  • Du har gode samarbeidsevner og trivast med tverrfagleg samarbeid
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
  • Du er fleksibel og handterer variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidsbelastning
  • Du er innovativ, utviklingsorientert og motivert for å bidra til kvalitetsforbetring og utvikling av tenestene
  • Du tek ansvar, viser initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Ingvill Hareide, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5156287543
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026