Helsefagarbeider 78% fast stilling, Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28

Arbetsbeskrivning

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!

Bukollektiva har ledig 78% stilling for helsefagarbeidar ved Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28. Arbeid på dagtid i vekedager på Seniorsenteret kombinert med arbeid kvar 3. helg ved Sloghaugvegen 28. Stillinga kan justerast til 84% då med arbeid annenkvar helg. 

 

I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.

Seniorsenteret er dagsenter for heimebuande eldre og er ope 4 dager/veke. Det er fokus på aktivisering, relasjonsbygging, trivsel og å skape ein god arena for tenestemottakarane. 

Ved Sloghaugvegen 28 har vi to avdelingar med 8 bebuarar i kvar avdeling. Bebuarane har samansett sjukdomsbilete og har behov for heildøgns omsorg. Det er nært samarbeid mellom avdelingane både fagleg og sosialt.

Seniorsenteret og Sloghaugvegen 28 er lokalisert i same bygg, har felles leiing og det er nært samarbeid. Avdelinga og eininga har godt omdømme og høg trivsel.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 10. august 2026, tiltredelse 28. september eller anna dato etter avtale.

 

 

 


Arbeidsoppgåver

Seniorsenteret:

Vi søkjer ein engasjert og kreativ helsefagarbeidar til vårt dagaktivitetstilbod for eldre, Seniorsenteret. Hos oss får du ei viktig rolle i å leggje til rette for trivsel, aktivitet, meistring og gode opplevingar for brukarane våre.

Vi ser etter deg som er glad i å jobbe med menneske, som tek initiativ og som evnar å skape tryggleik, glede og fellesskap gjennom varierte aktivitetar.Planleggje, gjennomføre og evaluere aktivitetar tilpassa eldre sine interesser og funksjonsnivå. 

  • Bidra til sosialt fellesskap, meistring og livsglede for tenestemottakarar. 
  • Utføre helsefaglege oppgåver i tråd med tenestemottakarane sine behov. 
  • Samarbeide med pårørande, frivillige og andre tenester. 
  • Dokumentasjon og oppfølging etter gjeldande rutinar. 
  • Bidra til vidare utvikling av dagaktivitetstilbodet.

 

Sloghaugvegen 28:

  • Planleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak    
  • Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy   
    Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarane  
  • Delta i faglege drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring   
  • Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar    
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar og anna fagpersonell  
  • Praktisk hjelp   
  • Medisinhandtering   
  • Nært samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar    
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med eldreomsorg kan vere ein fordel    
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad    
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon   
  • Gode datakunnskaper    
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er kreativ og har evne til å skape engasjerande aktivitetar. 
  • Er sjølvgåande og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver. 
  • Har høg gjennomføringsevne og evnar å omsetje idear til handling. 
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Har gode samarbeidsevner og samtidig kan arbeide sjølvstendig. 
  • Er trygg, omsorgsfull og bidreg til eit godt miljø for både tenestemottakarar og kollegaer.   

 

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert stilling. 
  • Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. 
  • Moglegheit til å påverke og utvikle aktivitetstilbodet. 
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer 
  • God opplæring og nærleiing   
  • Mentor-ordning ved oppstart  
  • Fokus på eldreomsorg og fagleg utvikling 
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper 
  • Varierte arbeidsoppgåver   
  • Gratis parkering  
  • Tillegg for relevant vidareutdanning  
  •  I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,-  som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.
     

 

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

 

 

Kontaktinformasjon

Anitra Kringstad, Avdleingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, [email protected]
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, [email protected]

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 28
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5157029735
Stillingsprosent: 78%
Fast
Startdato: 28.09.2026
Søknadsfrist: 10.08.2026