Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare!
Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar!
Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Du får nytte heile breidda av sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit.
Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr mellom anna faste fagdagar i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollega. Her arbeider sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar tett saman i team, og vi samarbeidar dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga.
Vi har ei ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli aktuelle. Ønskjer du ein anna stillingsprosent, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsstorleik.
Vi tilbyr fleksibel turnus med moglegheit for å gå langvakter både på kvardagar og i helgar (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter (kvar tredje helg) dersom det passar best.
Dersom du er sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon og hematologi, set pris på eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei meiningsfull pasientgruppe, håpar vi å motta ein søknad frå deg!
Vi gler oss til å høyre frå deg – kanskje er du vår nye kollega?
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.