Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Aukra - Hollingsholmen, p.t MF Norangsfjord.
Her får du ein familievenleg turnus med mykje fri, der du går 2 veker på 2 veker av. Dagveke og nattveke.
Som skipsførar er du ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga krev at du er løysningsorientert og likar å arbeide operativt. Du arbeider tett med mannskapet om bord og med administrasjonen på land for å ivareta stabil drift på sambandet.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med moderne fartøy og fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjonsordningar og attraktive velferdsgoder.
Søker bør bu innan rimelig avstand fra sambandet.
Arbeidsoppgåver
- Sikkerheitsstyring
- Energileiiing
- Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
- Ansvarleg for personleg tryggleik
- Ansvarleg for miljømessig tryggleik
- Skipsfører er leiar om bord
- Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks
- Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- ECDIS kurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- *Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
*Gode leiaregenskaper
*Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
*Godt humør
*God kommunikasjonsevne
*Fleksibel
*Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning:2 veker på, 2 veker av.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232,
[email protected]
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5158111735
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026