Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg er det ledig fast stilling som vaken nattevakt i 74,46 % stilling. Oppstart snarast. Avdelinga har for tida nattevaktturnus med vakter inntil 10 timer og arbeid kvar tredje helg. Bemanningsnorm er 2 vakne.
Må-krav:
Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. Det kan vurderas anna treårig relevant høyskole-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innafor relevante fagområde.
Søkjarar utan høgskuleutdanning, med relevant praksis og/eller fagbrev som barne - og ungdomsarbeider, kan og søkje.
Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid på norsk.
God fysisk og psykisk helse.
Ha førarkort (minimum) klasse B.
Bør-krav:
Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
Relevant arbeidserfaring
Vi søkjer ein miljøterapeut som møter ungdom med respekt, varme og tydelegheit. Du har eit sterkt engasjement for ungdom og evnar å byggje trygge relasjonar. Du står stødig i krevjande situasjonar og klarer å bevare ro, fagleg fokus og omsorg når det trengst som mest.
Vi ser etter deg som er:
Fleksibel, løysingsorientert
Fagleg engasjert, og med gode samarbeidsevner.
Du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team.
Du er god på kommunikasjon, er strukturert og bidreg aktivt til refleksjon, utvikling og eit positivt arbeidsmiljø.
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år.
Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 - 690 000 pr. år.
Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 –530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Søknad med CV skal sendas elektronisk via lenkje på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber og om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.