Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie på nattestid? Då kan du vere den nattevakta me ser etter ved avdelinga korttid og rehabilitering (KOR).
Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH) har ledig stilling på natt for sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg.
KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og stor variasjon i pasientgruppa. Pasientane kjem frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, som kan vere kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og 1 lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta.
Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit miljø der samarbeid, fagleg utvikling og pasientomsorg står i sentrum. Me har eit godt samarbeid med dei andre avdelingane ved BBH på natt. Sjølv om stillinga organisasjonsmessig er lagt under KOR, så må ein pårekne å arbeide på alle avdelingar på BBH.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysningar
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Isabel Knutsen.