Fast stilling som pedagog søkjast til Granvin barnehage
Tilsetjing vil skje fortløpande i perioden
Om Granvin barnehage:
Granvin barnehage er ein kommunal barnehage som opnar i nytt flott bygg, hausten 2026. Barnehagen får to avdelingar «Småtun» og «Stortun». Totalt er det 60 barn i barnehagen.
I Granvin barnehage er me opptekne av å gje borna eit godt omsorgs- og læringsmiljø prega av leik og gode relasjonar. Borna skal oppleva trygge vaksne som er til stades og støttar borna si utforsking, og som rettleiar og støttar born ved behov. Barnehagen skal vera ein trygg, utforskande og kjekk stad som borna gler seg til kvar dag.
Granvin barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje barna Granvin barnehage ein god start på vegen vidare i livet. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag.
Frå 1.september har me ledig følgjande stilling:
Voss herad tilbyr:
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Kvalifikasjonar:
Arbeidsoppgåver:
Me ynskjer at:
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.