Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan vere noko for deg?

Vert du motivert av varierte arbeidsoppgåver og spennande kvardagar, og trivst du med å utfordre deg sjølv og stadig lære noko nytt?

Då kan du bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasienten. Me søkjer etter deg som ønskjer å utgjere ein forskjell i andre menneske sine liv, og som har høg yrkesstoltheit og arbeider etter kvardagsrehabiliteringsprinsipp, men som òg er medviten om å gje menneske ein verdig slutt på livet.

I tillegg til ein variert og meiningsfull arbeidskvardag får du dei kjekkaste kollegaene med det beste humøret på Haugalandet. Me er kjende for å ha det kjekt på jobb, kose oss når me har høve til det, men òg strekkje oss langt for å hjelpe kvarandre når det trengst.

Me har ledig eit vikariat i 95 % frå dags dato til og med 15.08.2027


Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver og stor breidde i behandlinga
  • Vere ein pådrivar for å leggje til rette for, og bidra til, at brukarane opplever tryggleik og meistring
  • Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkleding, forflytting og trening
  • Setje i verk førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde
  • Planleggje og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet
  • Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold ved pasienten og kva helsehjelp som blir gjeven

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
  • Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ønskjeleg
  • Tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig

Personlege eigenskapar

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Er lojal, punktleg og pliktoppfyllande
  • Har fokus på kvalitet i tenesta
  • Har gode haldningar og verdiar som set pasientane i sentrum
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar

Vi tilbyr

  • Faste fagdagar og fagmøte
  • Årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • God offentleg pensjonsordning
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Kommunale bilar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar