Jobbspesialist IPS

Arbetsbeskrivning

Vil du hjelpe menneske inn i jobb gjennom målretta oppfølging? 
Nav Kvinnherad søkjer ein engasjert jobbspesialist (IPS) som vil vere med og styrke tilbodet vårt for personar som treng støtte på vegen mot arbeid og aktivitet. Du vil få ei sentral rolle i å kartlegge arbeidsevne, gi individuell rettleiing, samarbeide med arbeidsgivarar og tiltak, og vere ein viktig støttespelar for brukarar på veg mot jobb eller utdanning. Arbeidet skjer i tett samarbeid med Folgefonn DPS.

Dette er eit vikariat med oppstart i november 2026 og varigheit på 6 månadar, med moglegheit for forlenging.

Du har arbeidsstad på DPS og jobbar integrert i behandlingsteamet, med tilsetjing i Nav Kvinnherad. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg miljø med 36 tilsette, der vi saman jobbar for å skape moglegheiter for innbyggjarane i Kvinnherad. Brenn du for arbeidsinkludering og relasjonsbygging? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • nytte IPS-metoden for å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar ut i jobb eller utdanning
  • følgje opp inntil 20 deltakarar og støtte dei på vegen mot arbeid
  • kartleggje kva deltakarane ønskjer, kva dei kan, og kva som passar for dei
  • motivere deltakarar og samarbeide med arbeidsgivarar, skule og pårørande
  • oppsøke bedrifter og utdanningsinstitusjonar for å skape kontakt og finne jobbmoglegheiter
  • vere ein støttespelar for deltakar og arbeidsgivar før, under og etter jobbstart.
  • delta i behandlingsteam og samarbeide tett med helsetenesta
  • samarbeide med Nav og andre tenester om deltakar treng hjelp med bustad, økonomi eller sosiale forhold
  • dokumentere arbeidet i Nav sine system og følgje rutinar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning tilsvarande bachelor, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag, pedagogikk eller sal- og marknadsføring. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring frå relasjonsarbeid og arbeid med menneske
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • gode digitale ferdigheiter
  • førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har

  • erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS
  • erfaring frå oppsøkande kundekontakt og nettverksbygging
  • kompetanse innan rettleiing 

Kva ser vi etter hos deg?

  • er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar
  • har evne til å motivere og inspirere andre
  • kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og handterer uventa hendingar på ein god måte
  • er sjølvgåande, arbeider målretta og har god gjennomføringsevne

Kvifor velje oss

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • moglegheit til å utgjera ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 639 000 - 660 000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Maria Danuta Sadowska, Leiar Nav Kvinnherad, 95096808, [email protected]
Erlend Hellingsrud, Funksjonsleiar poliklinikk Folgefonn DPS, 472 60 535, [email protected]
Agnes Reksc, Metoderettleiar IPS, 901 43 818, [email protected]

Arbeidssted

Sentrumsvegen 29
5460 Husnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5154584762
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Søknadsfrist: 11.08.2026