Jobbspesialist

Arbetsbeskrivning

Tør du vere den som gjer forskjellen mellom håp og jobb?

Tenk deg ein jobb der du kvar dag får vere med på å endre livet til menneske. Der du hjelper nokon å sjå moglegheiter dei ikkje trudde fanst, opnar dører til arbeidslivet og byggjer sterke relasjonar med arbeidsgivarar som vil gi folk ein sjanse. I Nav Kinn søkjer vi no ein engasjert jobbspesialist som ønskjer meir enn ein vanleg kontorjobb. Vi ser etter deg som trivst ute blant folk, som er nysgjerrig på kva som motiverer menneske, og som får energi av å skape resultat saman med andre.

Du treng ikkje nødvendigvis å kjenne Nav så godt, kanskje arbeider du med oppfølging, rekruttering, undervisning, rådgjeving, praktisk arbeid, helse, kundearbeid eller leiing? Kanskje er du den kollegaen andre går til når dei treng råd, motivasjon eller støtte? Då kan dette vere neste steg for deg.

Som jobbspesialist blir du ein del av eit fagleg sterkt team som hjelper menneske med å finne, få og behalde arbeid. Du får stor grad av sjølvstende, høve til å bygge nettverk i næringslivet og moglegheita til å utgjere ein reell forskjell for enkeltmenneske og samfunnet. Teamet vårt jobbar på tvers av Florø/Førde og omegn og du vil jobbe 50/50 i begge områda - så ein del reising og lokalkjennskap garanterer vi!


Kvifor velje denne jobben?
✅ du får hjelpe menneske inn i arbeid og meistring
✅ variert kvardag med mykje kontakt med menneske og arbeidsliv
✅ stor grad av fridom og sjølvstende
✅ fagleg utvikling innan ein dokumentert metode som gir resultat
✅ fleksitid, heimekontor og trening i arbeidstida
✅ godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer 

  

Kva går jobben ut på?

  • kartlegge ressursar, interesser og jobbønske hos arbeidssøkjarar
  • følge opp deltakarar ved Nav Kinn og Nav SYS på vegen mot arbeid, og gi nødvendig støtte på arbeidsplassen
  • bygge nettverk og samarbeide tett med arbeidsgivarar i regionen
  • samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar
  • ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem
  • arbeide etter metodikken Supported Employment (SE)
  • bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
  • erfaring frå rettleiing, motivasjon eller oppfølgingsarbeid
  • førarkort klasse B
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk

Det er ein fordel om du har

  • kjennskap til arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv
  • erfaring med metodikken Supported Employment (SE)

Kva ser vi etter hos deg?

  • du trur på at alle menneske, uavhengig av utfordringar, kan få og behalde ein ordinær jobb
  • du er god til å bygge relasjonar og kommunisere med ulike menneske
  • du er resultatorientert og samstundes oppteken av kvalitet i oppfølginga
  • du trivst med oppsøkande arbeid og samarbeid med arbeidsgivarar
  • du er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eiga portefølje

Kvifor velje oss

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • relevant opplæring og gode høve til utvikling
  • fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • statleg tilsetjing i stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000–660 000 per år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Lene Ullaland Veka, Avdelingsleiiar, 41377182, [email protected]

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39
6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5158502717
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026