Nav Ørsta- Volda søker ein engasjert og fagleg sterk gjeldsrådgivar i 100 % fast stilling.
Nav Ørsta-Volda er lokalisert i Tindebygget sentralt i Ørsta og har i dag 35 tilsette. Våre to kommunar har til saman ca. 22.000 innbyggjarar og har eit mangfaldig og godt næringsliv. Som økonomisk rådgivar hjå oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som jobbar aktivt for å utvikle stadig betre tenester for innbyggjarar og arbeidsgivarar i våre to kommunar.
Teamet du vil bli ein del av har både kommunale og statlege tilsette, og er ansvarleg for sakshandsaming, rettleiing og oppfølging etter Lov om sosiale tenester. I tillegg har teamet ansvar for økonomisk rådgiving og økonomisk forvaltning.
Vårt kontor jobbar tverrfagleg, og som økonomisk rådgivar vil du samhandle og samarbeide tett både internt og eksternt til det beste for brukarane. Vi har høgt arbeidstempo, som krev at du evnar å jobbe effektivt, sjølvstendig og strukturert for å lykkast.
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Det er ønskeleg at du har erfaring med
I tillegg til å ha gode samarbeidsevner og vere ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet, ser vi etter deg som har desse eigenskapane:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4/ kap. 5
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.