Sentrum tannhelseområde har ledig fast 100 % stilling som tannlege ved Askøy tannklinikk fra 01.09.2026
Askøy tannklinikk er lokalisert på Kleppestø senter, som ligg sentralt på Askøy like ved Kleppestø kai og bussterminal. Det er kort reiseveg frå Bergen sentrum. Det går passasjerbåt mellom Kleppestø kai og Strandkaien i Bergen sentrum. Ca 13 minutters overfartstid.
Klinikken er moderne og har flotte lokaler med 11 behandlingsrom. Det er et godt fagmiljø med hyggjelege kolleger: 7 tannlegar, 4 tannpleiare og 9 tannhelsesekretærar.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.