Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume og er ein sjukeheim med høg fagleg kompetanse og godt arbeidsmiljø. No søkjer vi ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag på vår somatiske avdeling.
Som helsefagarbeidar hos oss jobbar du med ulike pasientgrupper, og får brukt heile bredda av kompetansen din. Vi legg vekt på individuelt tilpassa behandling, heilskapleg pasientforløp og faglege vurderingar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper. Vi har årsturnus med langvakter vekedag og helg. 20% av stillinga er knytt til timebank.
Du:
Anita L Kausland, Tlf: 481 98 372
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.