Om avdelinga:
Vil du jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Dei tilsette ved senteret skal ha eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og kontinuerleg forbetring vert vektlagt.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast stilling på vårt dagsenter med 15 brukarar. Delar av stillinga er knytt til bufellesskap for vaksne utviklingshemma.
20% av stillinga er knytt til timebank som er lagt inn i årsturnus.
Arbeidsoppgåver:
Du må trivast saman med menneske og ønskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike behov, og du må kunne utføre varierte oppgåver knytt til stell, pleie og aktivitet.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
Ønskjeleg med:
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Astrid Geitle: 913 19 622
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.