Nevroklinikken har ledige vikariat for pleieassistentar på helg
Nevroklinikken har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre og fagleg utvikling for dei tilsette.
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.
Nevrologisk akuttpost har 30 sengeplassar inkludert nevroovervaking med 4 senger. Akuttposten er delt inn i 3 lag: Kronikareining, Generell eining og Slageining. Kronikareininga tek for det meste imot pasientar med hjernesvulstar, Parkinsons sjukdom og ALS. Utgreiing, behandling og palliasjon er hovudoppgåver ved eininga. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos Slageininga. Generell eining greier ut og behandlar pasientar med epilepsi, Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelser i det perifere og sentrale nervesystemet, borrelia, myasteni og MS. Godt, tverrfagleg samarbeid er et viktig prinsipp i pasientbehandlinga hos oss.
Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for strålekniv og pasientar med vestibularisschwannom.
Vikariata er for 12 månader med oppstart etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.