Stilling i Rus- og psykisk helseteneste

Arbetsbeskrivning

Vestre Slidre kommune har en ledig midlertidig stilling i psykisk helse- og rusteneste (60-100% stilling frå hausten 2026 til og med juni 2027) 

Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg. 

I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rustenesta, helsestasjons- og skulehelsetenesta, familie rettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rustenesta er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fem tilsette i til saman 4,4 årsverk. Ei av stillingane har funksjon som barne- og ungdomslos og har kontor på skulen. 

Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men det kan vere aktuelt med lågare stillingsprosent dersom søkjaren ønskjer det. Den som blir tilsett, må vere innstilt på å vikariere som barne- og ungdomslos i perioden frå januar til og med juni 2027. Stillinga er ledig for snarleg tiltreding.

Hjå oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, høve til fagleg utvikling og moglegheita til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk jobbing, kartlegging, vurdering og behandling individuelt 
  • Hausten 2026: hovudsakeleg oppfølging av vaksne personar, men også noko oppfølging av barn og unge 
  • Fyrste halvår 2027: vikariere for barne- og ungdomslos på skulen med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn og noko oppfølging av vaksne personar 
  • Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen 
  • Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt 
  • Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar 
  • Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter 
  • Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya 

Kvalifikasjonar

  • 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant kompetanse (t.d. helsefagarbeidar) 
  • Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg 
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd. 
  • Førarkort klasse B 
  • Personleg egnaheit vil bli vektlagt  

Personlege eigenskapar

  • Må trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ 
  • Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere 
  • Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne 
  • Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper 
  • Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving 
  • Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling 

Vi tilbyr

  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting 
  • Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog kvar veke 
  • Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid 
  • Gode pensjonsordningar 
  • Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar 

Kontaktinformasjon

Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, [email protected]

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5152981270
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.08.2026