Vi søker deg som trivst å jobbe med barn og praktiske oppgåver. Du ønsker å gjere kvardagen til barna i barnehagen trygg og stabil. Ved å tilsette eigne vikarar, ønsker vi at barna i barnehagane våre i størst mogleg grad skal treffe tilsette som dei kjenner, og som er motivert til å jobbe med barna si utvikling og læring.
Helse Bergen har eit eige Bemanningssenter som leverer eigne vikarar, både innan helsetenester og driftstekniske tenester.
* Bemanningssenteret søker etter tilkallingsvikarar som barne- og ungdomsarbeidar/ barnehageassistent til sporadiske vakter ved alle fire barnehagane i Helse Bergen
Den som blir tilsett må pårekne vakter med ulike start- og sluttider. Tidlegaste start er 06.45 og seinaste slutt er 17.00. Vi ser etter deg som likar varierte arbeidsoppgåver og har erfaring frå barnehage. Vi søker deg som set store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Samhandling med tilsette og barn krev gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner.
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.