Pollhaugen er eit butiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har ulike behov for støtte og helsehjelp og har ulike diagnosar.
Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, med kort avstand til kollektivtransport og kommunedelssenter. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag prega av trivsel, sjølvråderett og meistring. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe som består av sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar.
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.