Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstenesta i føretaket. Ved SNR Hjelset er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk og habiliteringseiningfor barn og ungdom i alderen 0-18 år.
Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrkje bemanninga ved sjukehuset med ein spesialist innan pediatri.
Vi søkjer etter 1 vaktkompetent spesialist, med oppstart snarast.
Barn flyttet inn i det nye og morderne sjukehuset i Nordmøre og Romsdal (SNR) 02.06.25. Det nye akuttsjukehuset er plassert på Hjelset i Molde kommune. Det er felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år. I Kristiansund er det enkelte dagar tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.
Den som vert tilsett må rekne med fast arbeidsstad ved SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar i Kristiansund. Du vil møte ein spanande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil verte inkludert i eit godt arbeidsmiljø!
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!
Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.