Er du interessert i hjelpemiddelformidling og velferdsteknologi?
Likar du orden og oversikt?'
Er du praktisk anlagt og løysningsorientert?
Då er dette stillinga for deg!
Helse, meistring og rehabilitering er hjelpemiddellager, ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, og terapibasseng. Her arbeider omtrent 45 personar med ulik fagbakgrunn, mesteparten er ergoterapeutar eller fysioterapeutar. Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.
Hjelpemiddellageret er plassert på Straume terapisenter og er ein viktig del og er godt integrert i eininga Helse, meistring og rehabilitering. På lageret er det totalt 4 personar som har ansvar for logistikk, transport etc av ulike tekniske hjelpemiddel.
Tilsette på hjelpemiddellageret monterer ulike hjelpemiddel som er innvilga frå NAV hjelpemiddelsentralen, i heimar til folk, i barnehagar og skular. Har også ansvar for montering av tryggleiksalarmar og evt. anna velferdsteknologi.
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Einingsleiar Liv Møen Tlf 975 40 530
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.