100 % vikariat – Resepsjonist / Servitør

Arbetsbeskrivning

100 % vikariat -- Resepsjonist / Servitør

Vil du bli ein del av teamet vårt?

Me søkjer no etter ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til eit 100 % vikariat i samband med at ein av våre tilsette skal ut i fødselspermisjon.

Stillinga er kombinert mellom resepsjon og restaurant, og inneber arbeid etter skiftordning med dag-, kveld- og helgevakter.

Me ser etter deg som:

  • Er utadvendt og har eit smil på lur.

  • Er serviceinnstilt og set gjesten i fokus.

  • Er ansvarsbevisst, fleksibel og likar å arbeide i eit travelt miljø.

  • Trivst med varierte arbeidsoppgåver og samarbeid med andre.

Hos oss er vertskapsrolla viktig. Me ønskjer at alle gjester skal kjenne seg velkomne frå dei kjem til dei reiser.

Arbeidsoppgåver

  • Inn- og utsjekk av gjester.

  • Handtering av booking- og kassasystem.

  • Kundeservice i resepsjonen.

  • Servering av frukost, middag og andre måltid.

  • Servering i samband med selskap, arrangement og i bar.

Kvalifikasjonar

  • Gode datakunnskapar eller evne til raskt å setje seg inn i nye system.

  • Erfaring frå hotell, restaurant eller service er ein fordel, men ikkje eit krav.

  • Du må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk flytande, både munnleg og skriftleg.

  • Gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Me tilbyr

  • Eit variert og sosialt arbeid i eit godt arbeidsmiljø.

  • Grundig opplæring.

  • Ein spennande kvardag med varierte arbeidsoppgåver.

  • Moglegheit til å få verdifull erfaring innan hotell- og reiselivsnæringa.

Praktisk informasjon

  • Stilling: 100 % vikariat.

  • Varigheit: Vikariat i samband med fødselspermisjon (ca. 12 månader).

  • Tiltreding: Etter avtale.

  • Arbeidsstad: Lægreid Hotell, Sogndal.

  • Arbeidstid: Skiftordning med dag-, kveld- og helgevakter.

  • Søknadsfrist: Søknader blir behandla fortløpande, så me oppmodar deg til å søkje så snart som mogleg.

Høyrest dette spennande ut? Då vil me gjerne høyre frå deg!

I søknaden ønskjer me at du legg ved CV og skriv litt om deg sjølv, kvifor du ønskjer stillinga, og kvifor du meiner du vil passe inn i teamet vårt.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande.