100% fast stilling som vernepleiar ved Røldal pleie- og omsorg

Arbetsbeskrivning

Vil du være med og utvikla framtidas helsetenester i Røldal pleie og omsorg ?

Vi søkjer  vernepleiar til heimebaserte tenester. Sjukepleiar kan og søkja.

 

Om arbeidsplassen

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune.

Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg.

Vi treng vernepleiar til heime tenestene i Røldal. Det er ca 20 årsverk i tenesta.

Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom/brukarar , 10 omsorgsbustader, 2 brukarar med fysisk funksjonsnedsettelse og heimebuande.

Vi ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta vi gjev. Samstundes ønskjer vi at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende.

Vi er her til det beste for brukarane våre.

 

Vi har ledig ei spennande og variert 100% stilling som vernepleiar ved Røldal pleie og omsorg

Stillingstype: 100% fast stilling

Stad: Røldal pleie og omsorg heimebaserte tenester

 

Om stillinga

Heimebaserte tenester er i stadig utvikling og vi søkjer no etter ein engasjert,motivert og fagleg interessert vernepleiar  til vår teneste. Du vil ha ei sentral rolle i det faglege arbeidet, sikra god kvalitet og vere ein god støttespelar for kollegaene dine.

Som vernepleiar har du ei viktig rolle i å sikre god fagleg kvalitet, og bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet vårt. Du vil samarbeide med andre sjukepleiarar,helsefagarbeidarar,andre faggrupper og leiinga .Du vil og være ein sentral ressurs i det tverrfaglege arbeidet.

Du vil også jobbe klinisk i heimetenesta og bidra til god pasientoppfølging

Stillinga er i turnus 35.5 t/v

 

Arbeidsoppgåver

  • klinsk arbeid med stell og pleie til våre brukarar
  • observere brukarane sin tilstand, vurdere tiltak,prioritere,iverksette og evaluere

  • kvalitetssikre og endre sjukepleietiltak

  • fagleg rettleiing av anna helsepersonell

  • bidra til utvikling og implementering av faglege rutinar og prosedyrer

  • samhandling med pårørande og andre samarbeidspartnarar

  • deltaking i tverrfaglege møte og fagutvikling

  • bidra til  opplæring av nytilsette ,lærlingar og studentar/elevar

  • bruk av Aidn - dokumentasjonssystem

 

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar

  • erfaring frå heimebaserte tenester er ein fordel

  • vidareutdanning i geriatri, palliasjon og anna relevant fagområde 

  • digitale ferdigheiter

  • gode norskkunnskaper,både munnleg og skriftleg

  • førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar

  • fagleg trygg og engasjert 

  • evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig

  • gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse

  • strukturert og løysingsorientert

  • evne til å inspirere og motivere andre

  • likar å jobba i eit til tider hektisk og variert arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr

  • ei meiningsfull stilling der du får vere med å utvikle framtidas helsetenester

  • eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø

  • mogelegheit for fagleg utvikling

  • god pensjonsordning gjennom KLP

  • løn etter gjeldande tariffavtale

  • årsturnus

  • tariffløn med tillegg kr 25 000 pr år behalde/rekrutteringstillegg

  • Tilskudd på kr 50 000 etter første år og nye kr 50 000 etter 2.året

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her