Me ser etter deg som er glad i barn, trygg i vaksenrolla og som vil vera med og skapa ein god, trygg og utviklande barnehagekvardag.
Det er viktig at du likar å samtala og utforska saman med barn.
Det er ein fordel om du har erfaring i å arbeida med barn.
Du treng ikkje ha erfaring med alt, men du må vere motivert, lærevillig og klar for ein aktiv arbeidskvardag.
Kvifor jobba hos oss?
I Vikebygd barnehage har me to avdelingar. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og engasjement.
Me tilbyr:
- Gode kollegaer og eit sterkt fellesskap.
- Oppfølging og rettleiing frå pedagogar og leiar.
- Ein trygg og god start for nytilsette.
- Fagleg støtte.
- Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn kvar dag.
- Ordna tilsetjingsforhold.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Fagleg støtte og oppfølging frå pedagogar og leiar.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Andre med erfaring frå liknande arbeid kan også søkje (tilsetting som assistent).
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Du er stabil og har god arbeidskapasitet.
- Du er varm, tydeleg og til stades i møte med barn.
- Du samarbeider godt med andre, og at du kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er fleksibel, strukturert og sjølvstendig.
- Du likar å vere ute og trivst i ein hektisk kvardag.
Personleg eignaheit blir tillagd stor vekt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadsenteret vårt. du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk , eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53656565 dersom du treng help til å søkja.
Link til søknadsskjema:
Søk her