Har du lyst til å gjere ein forskjell når det verkeleg gjeld?
Etne brann og redning søkjer nye deltidsbrannkonstablar/røykdykkarar til Etne brannstasjon og Skånevik brannstasjon.
Som deltidsbrannkonstabel blir du ein viktig del av den lokale beredskapen. Du får spennande og meiningsfulle oppgåver, god opplæring og moglegheita til å bidra når innbyggjarane treng hjelp.
Delta i utrykking ved brann, trafikkulukker, akutt forureining og andre redningsoppdrag.
Delta i øvingar og opplæring gjennom året.
Utføre ettersyn og enkelt vedlikehald av køyretøy og utstyr.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og god beredskap ved brannstasjonen.
Andre oppgåver innan brann- og redningstenesta ved behov.
Me ønskjer at du:
Me ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Ei spennande og meiningsfull deltidsstilling.
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Grundig opplæring og jamlege øvingar.
Moglegheit til fagleg utvikling.
Løn og godtgjersle etter gjeldande avtaleverk.
Tilsetting skjer på dei vilkåra som gjeld for deltidsmannskap i brann- og redningstenesta.
Aktuelle kandidatar må gjennomføre helseundersøking og fysisk test, samt tilfredsstille dei krava som gjeld for røykdykkarteneste.
Det blir kravd tilfredsstillande politiattest før tilsetting.
Etne kommune ønskjer mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.