Ledig stilling som kyrkjemusikar/organist/kantor

Arbetsbeskrivning

Er du vår nye kollega? Stad kyrkjelege fellesråd har ledig ei 100% stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar frå 03.08.26.

Hva vi ser etter

Vi søker deg som vil vere aktivt med i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og anna kyrkjelydsarbeid i Eid og Stårheim sokn.

Kvalifikasjonskrav:

  • gode evner til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig

  • gode kommunikasjonsevner og språkferdigheiter

  • gode evner til nettverks- og fellesskapsbygging

  • gode pedagogiske evner

  • minimum 3-årig relevant utdanning

  • allsidige orgel- og pianoferdigheiter

  • brei musikalsk interesse og erfaring, inkludert korleiing

  • interesse for- og erfaring frå kyrkjelydsarbeid knytt til ulike aldersgrupper

  • medlemskap i Den norske kyrkje


Personlege eigenskapar og realkompetanse vert vektlagt føre formell kompetanse.

Arbeidsoppgaver

Som kantor/organist/kyrkjemusikar i Eid- og Stårheim sokn vil du ha ansvar for å leie det kyrkjemusikalske arbeidet i desse sokna i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige. Dette innebær m.a. å

  • planlegge og gjennomføre gudstenester, kyrkjelege handlingar, institusjonssamlingar og anna kyrkjelydsarbeid i samarbeid med andre tilsette og frivillige.

  • vere med å leie barnekor, ungdomskor og vaksenkor saman med andre tilsette og frivillige.

  • ha ansvar for planlegging og gjennomføring av konsertar og andre musikalske arrangement i samarbeid med sokneråd, tilsette og andre aktuelle aktørar.

  • bidra musikalsk i diakonale tiltak og tiltak innan kyrkjeleg undervisning og læring.

  • samarbeide med og støtte det øvrige musikk- og kulturarbeidet i bygdene.

  • rekruttere og legge til rette for at frivillige i alle aldrar kan delta i song- og musikklivet i kyrkjelydane.

  • vere rådgjevar for soknerådet/fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål.

  • delta på stabsmøter og møter i andre relevante råd og utval.

  • ha ansvar for tilsyn og vedlikehald av instrument og anna musikkutstyr i kyrkja.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale (KA-tariff) og pensjonsordning i KLP

  • arbeidsavtale etter gjeldande lov- og rammeverk

  • Kontorlokale i Eid kyrkjetun, tett ved Eid kyrkje

  • meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver

  • samarbeid med engasjerte og inkluderande medarbeidarar

  • eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø

  • ei kommune med eit rikt og variert kulturliv