ID 2468 Avdelingsleiar ved Husahaugen - Eining for habilitering

Arbetsbeskrivning

Husahaugen bustadar er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har 9 bustadar, eigen personalbase og er organisert under Eining for habilitering. Bustadane er kommunalt eigd og bebuarane leiger hos Stord kommune.

Husahaugen bustadar har visjonen; <>. Overordna mål er å; - Skapa ein trygg og omsorgsfull heim - Gje god dagleg omsorg og sosial støtte - Leggje til rette miljøet for eigenmeistring - Bidra til eit godt samarbeid med pårørande

Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.09.26. Stillinga er p.t. i Husahaugen bustadar.

Arbeids- og ansvarsområde:

Avdelingsleiar er administrativ leiar og har personalansvar for dei tilsette i avdelinga. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar, og eininga sine målsettingar og handlingsplanar.

Avdelingsleiar har ansvar for:

  • Arbeida for eit godt arbeidsmiljø

  • Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg

  • Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte

  • Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar

  • Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane

  • Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk

  • Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar

  • Erfaring frå, og/eller interesse for, leiing.

  • Leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.

  • Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.

  • Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

  • Godkjent politiattest av nyare dato (maks 3 mnd)

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.

  • Offentleg tenestepensjon.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097