Konsulent/spesialkonsulent 100 % fast stilling knytt til helse og oppvekst
Me i Organisasjon og innbyggarkontakt søkjer ein engasjert og strukturert konsulent/spesialkonsulent i 100 % fast stilling. Dette er ei spanande stilling for deg som likar å ha mange ballar i lufta, trivst med varierte arbeidsoppgåver og ønskjer å bidra til gode tenester.
Kvifor skal du søkje?
Fordi du likar å ha kontroll på detaljane, men samtidig trivst med å vere ein del av eit lag som heiar på kvarandre. Hos oss er trivsel og godt arbeidsmiljø ikkje berre fine ord – det er kvardagen vår. Me jobbar saman, ler saman og løyser utfordringar saman.
Kva skal du gjere?
Du blir ein viktig støttespelar for einingsleiarane innan oppvekst og helse, og får varierte oppgåver som gjer arbeidskvardagen både spanande og lærerik.
Arbeidsoppgåver:
- Administrativ støtte til einingsleiarar
- Personalmeldingar og merkantile oppgåver
- Fakturering og refusjonar
- Du kan jobba i ulike fagsystem
- Oppfølging av rutinar og administrative prosessar
- Andre administrative oppgåver
Kven er du?
Me ser etter deg som:
- Har relevant høgskuleutdanning og gjerne med relevant erfaring
- Er digitalt sterk og lærer nye system raskt
- Kan formulere deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt
Personlege eigenskapar me set pris på:
- Du trivst med ansvar og utfordringar
- Du er ein lagspelar med gode kommunikasjonseigenskapar
- Du er løysingsorientert og har orden i sysakene
- Du arbeider sjølvstendig og tek initiativ
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kva får du hos oss?
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø og gode kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksitidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen – bokstaveleg talt!
Praktisk informasjon
- Stilling: Konsulent/spesialkonsulent
- Stillingstype: Fast
- Stillingsstorleik: 100 %
- Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale
- Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
- Suldal kommune følgjer offentleglova § 25 ved offentleggjering av søkjarliste.
Vil du vite meir?
Høyr gjerne på episode 1 av podcasten Kraftlaget, der du møter einingsleiar Bente Tednes Gjil og får eit innblikk i kvardagen vår.
Les meir på kommunen si heimeside om:
KRAFTLAGET i Suldal – her får du meir enn ein jobb!
Me gler oss til å høyre frå deg – velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her