Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustader 2, avdeling Solbakken bukollektiv. 
Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg. 

Solbakken bukollektiv er ei underavdeling til Haram bustader 2. Solbakken består av bukollektiv for vaksne, samt avlastning. Basen til butenesta ligg i Brattvåg. Oppmøte kan difor enkelte dagar vere på basen i Brattvåg, for medikamenthandtering og andre møte. Som sjukepleiar på Solbakken vil du jobbe i eit tverrfagleg team i lag med dyktige miljøterapeutar og andre med helsefagleg bakgrunn.

Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.

Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling der miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. 
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Primærkontaktrolle.
  • Legemiddelhandtering.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring med helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
  • Politiattest er eit krav.

Personlege eigenskapar

  • Du viser initiativ og er kreativ. 
  • Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd.
  • Du er lojal og stabil.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Kontaktinformasjon

Beate Håholm Dahl, Avdelingsleiar Haram bustader 2 og Solbakken bukollektiv, 96517530, [email protected]
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, [email protected]

Arbeidsstad

Ulvestadvegen 6
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5157981658
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 30.08.2026