Vi søker ein motivert og engasjert lærar som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre og vere ein del av våre flotte tilsette, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø for alle elevane. Stillinga er eit vikariat skuleåret 2026-2027.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar med mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna og vi er med på satsinga BRY DEG i lag med Læringsmiljøsenteret i Stavanger.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag.
- Gi rettleiing til fagpersonell.
- Den som søker må rekne med å ta på seg kontaktlæraransvar.
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingssamarbeid både på trinn og i kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeid for sine grupper og elevar saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim-skule-samarbeid og eksternt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning 1. - 7. trinn, evt. anna godkjend lærarutdanning.
- Fagkompetanse i til dømes matematikk, engelsk, norsk, kunst og handverk og kroppsøving.
- Bør vere komfortabel med å gjennomføre svømmeundervisning.
- Generell IKT-kompetanse.
- Bør ha gode norskferdigheiter.
- Du må ha tilfredsstillande politi- og tuberkelinattest.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert og bidragsytande lærar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
- Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig i arbeidet ditt.
- Du må vere løysingsorientert og fleksibel.
- Du må vere god på relasjonsbygging.
- Du er ein tydeleg klasseleiar.
- Du må like å bruke naturen som alternativ læringsarena.
- Søkarar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk kollektivt utviklingsarbeid.
- Ein skule som kan nytte fjord og fjell i nærområdet som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.
- Tariffløn og pensjonsordning gjennom SPK.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Rektor, 97560016,
[email protected]
Arbeidsstad
Skulesvingen
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5160674298
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 27.08.2026