Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale. Det blir òg gitt fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Dette er ei stilling for deg som ønsker ein variert og fagleg utfordrande kvardag
Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi søkjer ein sjølvstendig og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne til å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen