Fjord1 har behov for vikarar som maskinsjef til sambandet Isane-Stårheim.
Vi har ledig flg. vikariat
- 100% stilling i 3-6 månader
- 50% stilling i 3-6 månader som betyr arbeid i 2 veker, deretter 6 veker fri.
Turnus: Døgnskift med 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av. Ein fleksibel og familievennleg turnus. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Frå 2027 kjem ei nyare ferge inn, og sambandet går over på elektrisk drift. Du får dermed moglegheita til å vere med på ein spennande overgangsfase.
Søkar bør bu innan ein time frå sambandet.
Aktuelle søkarar blir kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
- Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat eller M4 med dokumentert 6 mnd fartstid etter utstedelse av M4 samt fullført Fagskule.
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Offisersforbund
- Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferd og- pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +4795700962,
[email protected]
Arbeidsstad
6777 Stad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5150289929
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.08.2026