UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent. Stillinga er på 40 % i 8 månader. Den vitskaplege assistenten vil arbeide med følgjande prosjekt: Examining Research in University Pedagogy (ERUP): Diversity, Inclusion and Representation in Research on Teaching and Learning in Norwegian Academia.
ERUP-prosjektet er eit forskings- og utviklingsprosjekt med fokus på kjønnsbalanse, inkludering og mangfald, finansiert gjennom NFR. ERUP fokuserer på likestilling, mangfald og inkludering innan universitetspedagogikk og forsking på undervisning og læring i norsk høgare utdanning. Den vitskaplege assistenten vil støtte prosjektarbeid som undersøkjer og rapporterer om kjønnsbalanse og mangfald blant universitetspedagogisk personale i norsk høgare utdanning, samt kjønnsbalanse og mangfald blant forskarar som er representerte i universitetspedagogiske program og aktivitetar.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling som skal danne grunnlag for ei vidare akademisk karriere, gjennom arbeidsoppgåver som gjev innsikt i og erfaring med vitskapleg metode.
Vi gjer merksam på at i henhold til Universitets- og høyskoleloven vert denne stillinga rekna som ei åremålsstilling, og at samla tilsettingstid som vitskapleg assistent ikkje kan overstige to år ved same institusjon. Personar som har vore tilsatt som stipendiat eller har oppnådd doktorgrad kan ikkje bli tilsatt som vitskapleg assistent.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.