Vil du fylgje livets viktigaste augneblink i Vest-Telemark?
Som jordmor i Vest-Telemark får du arbeide i eit jordmorsamarbeid med stor variasjon og nærleik til kvinnene. Å arbeide som jordmor i Vest-Telemark krev at du trivst med å arbeide sjølvstendig, og i eit distrikt med store avstandar - men du får også nærleik til natur og eit godt fagmiljø!
Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark gjev tilbod om svangerskap- og barselomsorg for fem kommunar, og beredskap- og fylgjeteneste frå Jordmorvakta i Seljord til seks kommunar.
Me har ledig inntil 100 % mellombels stilling frå 01.10.2026. Det er høve for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark helseforetak (STHF) om beredskap- og fylgjeteneste ikkje vert avslutta i april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av arbeid på dagtid og døgnvakter, og består av svangerskaps- og barseloppfylging på helsestasjon og beredskap- og fylgeteneste. Oppmøtestad er Seljord. Det er høve til å tilpasse dagar for helsestasjonsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale retningsliner, inkludert samtaler, undersøkingar og vurderingar
- Førebuande kurs og individuelle samtaler om amming, fødsel og barseltid
- Utføre heimebesøk og etterkontrollar med fokus på både mor og barn si helse og trivsel
- Fylgjeteneste og beredskap på Jordmorvakta i Seljord
- Dokumentere i elektronisk pasientjournal og samarbeide tett med helsesjukepleiarar, fastlegar og andre relevante fagpersonar
- Delta i fagmøte og bidra til kontinuerleg fagutvikling i jordmorsamarbeidet
Kvalifikasjonar
- Autorisert jordmor
- Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå fødeavdeling
- Det er ynskjeleg at du har arbeidserfaring frå svangerskaps- og barselomsorg
- Det er ein fordel om du har kompetanse innan kvinnehelse
Personlege eigenskapar
- Du har eit sterkt engasjement for å gje gravide, fødande, barselkvinner og deira familiar tryggleik og støtte gjennom heile forløpet
- Du held deg fagleg oppdatert, og nyttar kunnskap aktivt i di yrkesutøving
- Du bidreg i tverrfagleg samarbeid med relevante samarbeidspartnarar
- Du bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø
- Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse deg ulike situasjonar
- Du tek ansvar for eigne oppgåver, planlegg arbeidet godt og har evne til prioritere
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Du blir ein del av eit fagleg sterkt jordmorsamarbeid med faste fagmøte
- Du får relevant opplæring ved oppstart, og fagleg støtte undervegs
- Løn i 100 % stilling: 850 000 kr
- Vi har kalenderplan med arbeidshelg på Jordmorvakta kvar 6. veke
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Godkjend politiattest må framvisast før tilsetjing
- Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, sjå lånekassa for meir informasjon.
Kontaktinformasjon
Helene Mølster Byggland, Avdelingsleiar jordmorstenesta, 40907794, [email protected]
Arbeidsstad
Jakob Naadlands veg
3840 Seljord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5164027134
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 26.08.2026