Heimehjelp

Arbetsbeskrivning

Hafslo omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt på Hafslo. Tilsette ved Hafslo omsorgssenter yter tenester til omsorgsplass for personar med demenssjukdom, omsorgsbustadar og til heimebuande.

I tillegg har me eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Me har fokus på personsentrert omsorg og miljøbehandling.


Stillingsinformasjon:

Luster kommune søkjer medarbeidar til Hafslo omsorgssenter frå 16.11.26/etter avtale. 

Det er ledig 100% fast stilling som heimehjelp. I denne stillinga inngår det arbeid på omsorgsplass kvar tredje helg med todelt turnus på helg. Elles er arbeidstidene dagtid måndag - torsdag.

Som heimehjelp yter tilsette praktisk bistand til heimebuande i sone Hafslo, på omsorgsplass og omsorgsbustadar

Arbeidsoppgåver:

  • Gje praktisk bistand, yte heimehjelpsoppdrag til heimebuande
  • Gje praktisk bistand til omsorgsplass og omsorgsbustad
  • Vask av fellesareal
  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Rettleie og følgje opp elevar, studentar og opplæring av nytilsette
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Ynskjeleg med fagbrev innan reinhald/ ev. relevant praksis
  • Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil i tenesta
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar
  • Personlege eigenskapar

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her