Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldriven klinikk i Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland.
Seksjon C1 på Tertnes er ein allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 15 sengeplassar, fordelt på 5- og 7-døgnstilbod. Vi behandlar vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar og har eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på gode pasientforløp, samarbeid og fagleg utvikling.
Vi søker no to helgevakter i 14% stilling:
Éi fast stilling med oppstart 1. november 2026
Eit vikariat ut 2026, med moglegheit for forlenging, og oppstart snarast mogleg
Stillingane inneber per i dag arbeid kvar tredje helg.
Dette kan vere ei svært ettertraktet stilling for deg som er student innan helse- og sosialfag og ønsker relevant arbeidserfaring frå psykisk helsevern.
Som helgevakt blir du ein del av det faste miljøet i seksjonen og arbeider saman med erfarne kollegaer frå ulike faggrupper. Det er gode moglegheiter for ekstravakter utover den faste stillingsprosenten, både på vekedagar, i helger, feriar og høgtider. Det vil også vere gode moglegheiter for sommarjobb hos oss sommaren 2027.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.