Helgevakt på C1 Bjørgvin DPS i 14% stilling

Arbetsbeskrivning

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldriven klinikk i Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland.

Seksjon C1 på Tertnes er ein allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 15 sengeplassar, fordelt på 5- og 7-døgnstilbod. Vi behandlar vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar og har eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på gode pasientforløp, samarbeid og fagleg utvikling.

Vi søker no to helgevakter i 14% stilling:
Éi fast stilling med oppstart 1. november 2026
Eit vikariat ut 2026, med moglegheit for forlenging, og oppstart snarast mogleg

Stillingane inneber per i dag arbeid kvar tredje helg.

Dette kan vere ei svært ettertraktet stilling for deg som er student innan helse- og sosialfag og ønsker relevant arbeidserfaring frå psykisk helsevern.

Som helgevakt blir du ein del av det faste miljøet i seksjonen og arbeider saman med erfarne kollegaer frå ulike faggrupper. Det er gode moglegheiter for ekstravakter utover den faste stillingsprosenten, både på vekedagar, i helger, feriar og høgtider. Det vil også vere gode moglegheiter for sommarjobb hos oss sommaren 2027.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar i det daglege miljøet
  • Bidra til tryggleik, struktur og aktivitet i seksjonen
  • Samarbeid med kollegaer og ulike faggrupper
  • Praktiske oppgåver knytt til den daglege drifta av seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Interesse for å jobbe med menneske
  • Gjerne student innan helsefag
  • Moglegheit for å jobbe ekstra i feriar og høgtider 
  • Må meistre Norsk både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Er engasjert, positiv og interessert i menneske
  • Er påliteleg og pliktoppfyllande
  • Trivst med å arbeide i team
  • Er trygg og roleg i møte med ulike menneske og situasjonar
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er fleksibel og lærevillig

Vi tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidsplass innan psykisk helsevern
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Opplæring og samarbeid med erfarne kollegaer
  • Relevant erfaring for studentar innan helse- og sosialfag
  • Arbeid per i dag kvar tredje helg
  • Gode moglegheiter for ekstravakter utover fast turnus
  • Gode moglegheiter for arbeid i feriar og høgtider
  • Gode moglegheiter for sommarjobb sommaren 2027
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Julie Silver, Ass Seksjonsleiar, 55957118, [email protected]
Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 55957120, [email protected]

Arbeidsstad

Tertnesveien 37
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5164672329
Stillingsprosent: 14%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 31.08.2026