Klinisk byggar Helseplattformen

Arbetsbeskrivning

Vi søker deg som har eit ønske om å vere med å utvikle innhaldet i Helseplattformen for spesialisthelsetjenesten i Midt-Norge. Målet er å bidra til at løysninga blir meir tilpassa dei ulike spesialitetane sin arbeidsflyt og behov.

Gjennom kurs og sertifisering til enten Physician Builder eller Clinical Content Builder i Epic, vil du lære grunnleggande ferdigheiter for å konfigurere utvalgte deler av løysningen. Desse ferdigheitene vil du vidareutvikle i eit team saman med andre kliniske byggarar, samt mentor frå Helseplattformen AS.
Kursa som blir arrangert av Epic er virtuelle, og vil bli gjennomført på ettermiddag/kveld. Kursa går på engelsk. Ein vil få høve til meir avanserte byggekurs.

Kliniske byggarar er regionalt finansiert og jobber i ulike stillingsprosent. Nokon vil ha ansvar for spesifikke områder og spesialitetar. I denne stillinga vil du bli tilsett i avdeling for E-helse og teknologi. Du vil ikkje bygge spesifikt for éin klinikk eller spesialitet. Dette krev at du har evna til å vere fleksibel med tanke på å samarbeide med grupper av sluttbrukarar innanfor fleire ulike deler av spesialisthelsetjenesta. 


Arbeidsoppgåver

  • Etablere kontakt med sluttbrukarar frå aktuelle spesialitetar
  • Avdekke behov for klinisk bygg i samsvar med gjeldande rammer
  • Planlegge og gjennomføre klinisk bygg
  • Samarbeide tett med resten av teamet for kliniske byggarar, samt mentor i Helseplattformen AS
  • Samarbeide med aktuelle fagekspertar og kontaktpersoner
  • Delta i felles byggeøkter og relevante møter
  • Melde inn behov for regional einigheit der det er aktuelt
  • Bidra inn i regionale møter og når det er aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis helsefagleg utdanning (lege, sjukepleiar)
  • God innsikt i korleis det er å jobbe i spesialisthelsetjenesta
  • Ønskeleg med bakgrunn frå arbeid spesifikt opp mot Helseplattformen. Til dømes: har vore fagekspert, superbrukar eller applikasjonsanalytikar
  • Meistrar i tillegg til norsk, engelsk skriftleg og muntleg svært godt
  • God IKT kompetanse
Klinikarar som allereie er i gang med, eller har gjennomført sertifisering som klinisk byggar, vil bli prioritert.
Ved ellers like kvalifikasjonar vil relevant klinisk erfaring, tidlegare erfaringer med konfigurering av HP/Epic
og personleg eignaheit bli vektlagt. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som;

  • Har god forståing for klinisk verksemd og arbeidsprosessar
  • Evner å sjå samanheng på tvers av fagområder og organisatoriske nivå
  • Kommuniserer godt og skaper gode samarbeidsrelasjonar
  • Arbeider strukturert og målretta

Personlege eigenskaper:

  • Analytisk og har evne til å utvikle gode løysningar
  • Initiativrik og sjølvstendig
  • Samarbeidsorientert og god på å byggje relasjonar
  • Open for endring og utviklingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit energisk og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Ei unik moglegheit til å bli kjend med det nye journalsystemet frå «innsida»
  • Ei sentral rolle i utviklinga av journalsystemet for Helse Midt-Noreg
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og eigne arbeidsoppgåver
  • Sterkt fagmiljø og tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Silje Johanne Farstad, Seksjonsleiar, +47 97745150, [email protected]

Arbeidssted

Åsehaugen 1
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5161011036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 26.08.2026