Rettleiar Nav

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Nav Vaksdal har ledig 100 % vikarstilling som rettleiar og sakshandsamar, med tilsetjing på kommunale vilkår. Stillinga er ledig frå snarast til utgangen av mai 2027, med mogleg forlenging.

Du som blir tilsett blir ein del av eit lite, men solid arbeidsmiljø, med arbeidsplass i Heradshuset på Dale.


Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og motivere for sosial og økonomisk tryggleik, fremje overgang til arbeid, og hjelpe den enkelte til å vere sjølvhjelpen.
  • Sakshandsaming og oppfølging etter Lov om sosialetenester, med hovudvekt på økonomisk sosialhjelp,gjeldsrådgjeving og økonomisk rettleiing.
  • Arbeidsrettaoppfølging for eigne brukarar

    Vi søker ein person som ser arbeidsretta løysingar for individ og næringsliv, og kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet

    Nav er ein organisasjon i endring, og med det kan òg arbeidsoppgåver bli endra undervegs.


Kvalifikasjonskrav

  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning frå universitets eller høgskule kan bli vurdert. 
  • Anna relevant kompetanse og erfaring kan ved behov blir vurdert. 
  • Gode datakunnskaparog kjennskap til Office 365
  • Førarkort kl B
  • God kommunikasjonsevne og god norskkunnskap skriftleg og munnleg

Det er ynskjeleg at du har:

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden lokalt og regionalt
  • God økonomisk forståing

Personlege eigenskapar

Vil legg stor vekt på personlege eigenskapar og leiter etter deg som 

  • Har evne til å motivera og skapa tillit
  • Er løysingsorientert
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt – sjølvstendig og i team
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Vaksdal Kommune kan tilby

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg