Tilkallingsvikar innan psykisk helse og rus

Arbetsbeskrivning

Vi søkjer engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å vere med og levere gode tenester til brukarane våre og bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.

Miljøtenesta innan psykisk helse arbeider for å styrkje meistring i kvardagen gjennom tilrettelegging, praktisk støtte og rettleiing. Dette kan mellom anna omfatte hjelp til å etablere gode rutinar, økonomisk rettleiing, stimulering til aktivitet og deltaking i sosiale nettverk. Tenesta arbeider etter vedtak fatta av tildelingskontoret i kommunen.

Vi søkjer tilkallingsvikarar som i hovudsak kan arbeide natt, men som også kan ta vakter på dag- og kveldstid ved behov.

Arbeidsoppgåver:

  • oppfølging og bistand til brukarane våre i tråd med vedtak og individuelle behov
  • strukturert miljøterapeutisk arbeid
  • praktisk bistand, sosial trening, samtalar og liknande oppgåver
  • samarbeid med pårørande, verjer og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

  • det er ønskjeleg med helsefagleg bakgrunn, anten fagbrev eller høgare utdanning, men dette er ikkje eit krav
  • erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • førarkort klasse B

Vi ser etter deg som:

  • har interesse for fagfelta psykisk helse og rus
  • ønskjer å gjere ein positiv forskjell for menneske som nyttar tenestene våre
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er god til å byggje relasjonar
  • har evne til refleksjon og fagleg vurdering
  • kan arbeide sjølvstendig, men trivst også med å samarbeide i team
  • er fleksibel og løysingsorientert

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • eit solid fagmiljø med dyktige kollegaer
  • varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • løn etter gjeldande avtaleverk

Slik søkjer du:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Alle søkjarar vil få stadfesting på at søknaden er motteken, dersom rett e-postadresse er registrert i søknaden.

Søknadsfrist: 31.08.26

Velkomen som søkjar! Vi ser fram til å høyre frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her