Rektor Kleppelunden skule
Vil du vera med og skapa framtidas skule?
Kleppelunden skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor som ønskjer å leia skulen vidare inn i framtida. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vera med og vidareutvikla ein moderne skule med høge ambisjonar på vegne av elevane.
Kleppelunden skule er ein barneskule i Klepp kommune med om lag 300 elevar og 50 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt til i Klepp, med flotte Kleppeloen som næraste nabo. Det er eit supert turområde som alle trinn nyttar til uteskule. Me flytta inn i heilt nye og moderne lokale i august 2024.
Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar. SFO-leiar og saksbehandlar er òg ein del av skulen si administrative leiing. Skulen har eit innbydande bibliotek, aula og gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap.
Ved Kleppelunden skule arbeider me målretta med å skapa eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø. I profesjonsfellesskapet står elevengasjement sentralt, og me arbeider mellom anna med tema som trygt skulemiljø, digital kompetanse, lesing og oracy. Gjennom tett samarbeid mellom tilsette og leiing utviklar me ei inkluderande undervisning bygd på eit positivt elevsyn og den engasjerte eleven som pedagogisk plattform.
Me legg vekt på variert, praktisk og utforskande undervisning. Skulen har moderne og godt utstyrte læringsareal som gir gode moglegheiter for kreativitet og skaparglede. Mellom anna har me ein eigen skaparverkstad og deltek i First Lego League.
Kleppelunden skule er praksisskule for lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger og spelar ei viktig rolle i utviklinga av framtidas lærarar.
Klepp kommune og Kleppelunden skule er ein del av Jærskulen, eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling på tvers av kommunane på Jæren. Som rektor blir du del av eit sterkt fagleg nettverk med høg kompetanse, der samarbeid, utvikling og læring står i sentrum.
Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.