FACT Sikkerheit-teamet søkjer ein engasjert Case Manager i eit 100% vikariat. Vi gir behandling og oppfølging etter Forensic FACT-modellen, retta mot pasientar dømt til behandling og/eller på tvang i psykisk helsevern, knytt til Eining for Sikkerheit og Eining for Sikkerheit og Rehabilitering. Fact-sikkerhet er organisert i poliklinikk.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid, tett samarbeid med 16 kommunar og spesialisthelsetenesta, og oppfølgning av pasientar med behov for langvarige og koorinerte tenester. Du vil arbeide i eit recoveryorientert miljø med fokus på arbeid, aktivitet og rettleiing, og får mulighet til å delta i prosjektarbeid som skal forbetre våre metodar og samarbeidsmodellar.
Stillinga inneber arbeidstid på dagtid med kvar 3. helg i døgnpost. Oppstart etter avtale.
Vart du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med oss? Klikk her og sjå filmen om oss: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE
Kva går jobben ut på?
Som Case Manager blir du ein sentral del av behandlingsteamet og du vil mellom anna arbeide med å
- følgje opp pasientar i overgangar mellom sjukehus, DPS og kommune
- drive poliklinisk behandling og oppfølgning
- gjennomføre strukturert valdsrisikovurdering
- gi rettleiing til lokale oppfølgningstenester ved fire DPS i føretaket, samt kommunar i opptaksområdet
- bidra til samordna og langsiktig oppfølging av pasientar i eigen heimkommune
- drifte eit sinnemestringskurs etter Brøsetmodellen saman med resten av teamet
Arbeidet inneber reiseverksemd og tett samarbeid med pasientar og samarbeidspartnarar ute i kommunane.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefag eller relevant høgskuleutdanning som sosionom, miljøterapeut, vernepleiar, ergoterapeut, sjukepleiar.
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan sikkerhetspsykiatri.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
- Førarkort for personbil klasse B.
- Gode digitale ferdigheiter.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- handterar krevjande situasjoner med ro, tryggleik og fagleg dømmekraft
- ser heilheten i pasientforløp og bidreg til god samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester
- er nysgjerrig, løysningsorientert og motivert for fagleg utvikling
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet gjennom respekt, openheit og engasjement
- kommuniserar godt og evner å skape tillit og framdrift i komplekse pasientforløp
Personlege eigenskaper vert vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer.
- Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs.
- Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Arbeidstid dagtid med arbeid 3. kvar helg med 35,5 t/veke på Eining for Sikkerheit-og rehabilitering.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gje til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Andreas Eide, Teamleiar FACT-Sikkerhet, 97561885,
[email protected]
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5164149023
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 31.08.2026