Kokk- ledig fast 80% stilling

Arbetsbeskrivning

Vestre Slidre helsetun har ledig 80% fast stilling, pluss ferievikar, frå 1.oktober.

Vi jobbar i team, med to til tre kokkar pr vekedag, og har dagturnus, med arbeid kvar fjerde helg. 

Vi har eit moderne kjøkken, og produserer mat til alle på helsetunet, samt til ein del heimebuande. Det er også mogleg å bestille catering frå oss. Vi har kantinedrift, som kjøkkenpersonalet har ansvar for, og denne er open alle vekedagar.


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg matlaging- tørrmat, samt lunsj og middagar
  • Servere middag i avdelinga
  • Dagleg reinhald 
  • Baking

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk - gjerne institusjonskokk 
  • Erfaring frå arbeid innan institusjon er ønskeleg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga, og på tvers med andre faggrupper
  • Må trivast med å arbeide sjølvstendig
  • Fint med stor arbeidskapasitet
  • Evne til å skape framdrift åleine, og ilag med andre
  • Fleksibel og løysingsorientert

    Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Bente Haugen, Tenesteleder Helsetun, 99690622, [email protected]

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5160467832
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026