Om stillinga
Ved Valestrand skule skal vi saman leggje til rette for læring og utvikling for alle elevar, og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på seg sjølv. Trygt og godt skulemiljø, elevmedverknad og lesing er satsingsområda til skulane på Osterøy.
Vi ser etter deg som ønskjer å ivareta og lage gode dagar og læringsmiljø for elevane våre i ein 100 % fast stilling.
Oppstart i stillinga er 01.11.2026
Arbeidsoppgåver
Som miljøarbeidar ved skulen vår vil du ha varierte arbeidsdagar med variert innhald. Arbeidsoppgåver som er knytt til stillinga er mellom anna:
- Arbeide for eit trygt og inkluderande skulemiljø
- Bidra til å styrke laget rundt elevar, samt ha fokus på relasjonsbygging for å skape tryggleik
- Du har medansvar for at opplæringslova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på skule og i SFO
- Ansvar for å tilretteleggje for ulike aktivitetar og følgje opp enkeltbarn og elevgrupper i skule og SFO
- Bidra til utviklande og positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Vi tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit stabilt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som bidreg aktivt for læring og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår, for tida plasserte hjå KLP
- Ein arbeidsplass med naturen som næraste nabo! Om du kjem med bil er det gode parkeringsmoglegheiter
- Ein arbeidsplass som gler seg til å få deg som ny kollega!
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjonskrav
- Du har fortrinnsvis fagbrev i helsefagarbeidarfaget eller barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Ønskjeleg erfaring frå arbeid med barn
- Vidareutdanning i "kvalitetsarbeid i SFO" er eit ønskje
- Personlege eigenskapar vil bli tillagd vekt i prosessen
- Har du ikkje fått fagbrevet heilt endå men ønskjer å ta det snarleg, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg
Dersom du får tilbod om stilling må du legge fram gyldig politiattest jf.opplæringslova som ikkje er eldre enn 3 md.
Kven er du?
- Som miljøarbeidar ved Valestrand skule må du like å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein raus og trygg vaksen
- Du står stødig når barn treng innramming
- Du er nysgjerrig og har mot og vilje til å vere i utvikling
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig, finn løysingar, og likar å jobbe i team
- Du tar initiativ til å sjå ting frå nye innfallsvinklar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du er strukturert og nøyaktig
- Treff dette deg? Då er det kanskje nettopp deg vi håper å ønskje velkomen til skulen vår!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for goder du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!